EVOLUTION Fra prosessprosjekt til klassekonsert. 3MUA

Arrangementsinformasjon
Default file 1487948427

Det var ein gong, og den gongen var 21. august 2014, at 29 ambisiøse musikarar gikk ut på ei vandring. Verken den lange vegen frå Etne, Skudesnes eller Tysvær, eller det sagnomsuste prossesprosjektet kunne stanse dei vonande kunstnarane, for alle hadde dei høyrd, at på Skeisvang var det ein talentfabrikk! Kjende namn og storslåtte verk surra rundt i hovuda deira medan 3MUA opna døra inn i MDD-avdelinga for første gong. Gjennom talentfabrikken fór dei. Av kol vart det utvunne diamant, utav elveslummet vart det silt ut gull og nå står 3MUA ved vegs ende for tida på Skeisvang. Frå deira første samarbeid i prosessprosjektet, har dei vore gjennom kulturelle netter, veker og mykje meir. Nå ønskjer dei å slutte av med ein klassekonsert i hyllest til den gode tida på Skeisvang vgs.

skeisvang
musikklinja
3mua